Vener av Utvær

 

Venelaget ”Vener av Utvær” vart skipa 6. april 2010, og skal arbeide for å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til øysamfunnet. Ved å auke aktiviteten på Utvær vil vi gjere staden meir kjend og tilgjengeleg for publikum.

Det er ikkje snakk om masseturisme. Vi legg vinn på å halde Utvær som ein stad der oppleving i fred og ro står i høgsetet.

Bygningsmassen på fyrstasjonen treng eit kraftig vedlikehaldsløft, og vi vil gjerne skape ein medlemsmasse som kan støtte oss i arbeidet. Då bygningsmassen er freda av Riksantikvaren vil vi i samarbeid med profesjonelle handverkarar utføre restaureringsarbeid, som må godkjennast av Kystverket (eigaren av fyrstasjonen) og Fylkeskommunen.

Som medlem av ”Vener av Utvær” vil ein få tilbod om turar og opplegg knytt til øysamfunnet. Vi vil også planleggje dugnadsarbeid for turane, og håpar på hjelp til dette.

Det kan også bli høve for medlemmar til å overnatte på fyrstasjonen året rundt.

Det er òg eit ynskje at nokon kan ta på seg ei oppgave som vertskap på fyrstasjonen.. Vertskapet vil få bu i fyrmeisterbustaden i den perioden dei er der. Oppgåvene for vertskapet vil være å ta imot folk som vitjar Utvær, fortelje om historia til Utvær som samfunn og fyrstasjon, selje enkel mat og evt souvernirar. I tillegg ser vi for oss at vertskapet utfører enklare vedlikehaldsarbeid under opphaldet.


Vi håpar de finn dette interessant og inviterer dykk til å bli medlem av ”Vener av Utvær”!

Prisar for medlemsskap pr år:

Vaksen                  kr.  200.-
Familie                  kr.  300.-
Bedrift                   kr.  750.-

Medlemskontingenten kan betalast direkte inn på konto nr: 3705.17.52156.

Hugs å merk betalinga med navn og e-post adresse eller postadresse!
Vi treng også informasjon om kven og evt kor mange medlemsskapet skal stå på. 
Dette kan du gjerne informere oss på e-mail: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Velkomen som medlem av Vener av Utvær!